Gyldendalhuset, Oslo

Sverre Fehn omtales i internasjonal presse som den norske mesterarkitekten. Og Gyldendal Norsk Forlag AS inngår som en selvfølgelig del av Oslos kulturhistorie. Møtet mellom arkitekten og forlaget har gitt arkitekturfaget og almenn­heten et bygg som utfordrer kjente typologier.


 
Fra atriet, med overlys gjennom betongpyramidene. Danskehuset i midten. Foto: Ivan Brodey

Fra atriet, med overlys gjennom betongpyramidene. Danskehuset i midten.

From the atrium. «The Danish House» in the middle.

Foto: Ivan Brodey
 
Atrium og galleri. Foto: Ivan Brodey

Atrium og galleri.

Atrium and gallery.

Foto: Ivan Brodey
 
Fra atriet, mot hovedtrapp og servicetorg. Foto: Ivan Brodey

Fra atriet, mot hovedtrapp og servicetorg.

From the atrium, with main stair and service area.

Foto: Ivan Brodey
Fra Gyldendalhuset, sett fra hovedtrappen mot atriet. Foto: Ivan Brodey

Fra Gyldendalhuset, sett fra hovedtrappen mot atriet.

From the Gyldendal main office, atrium seen from the main stair.

Foto: Ivan Brodey
Utstilling og møteplass i foajeen.

Utstilling og møteplass i foajeen.

Book display and meeting places in the foyer.

 
Fra atriet i Gyldendalhuset. Foto: Jiri Havran

Fra atriet i Gyldendalhuset.

From the atrium in the Gyldendal house.

Foto: Jiri Havran
Fra atrium, mot kontorlandskapet.

Fra atrium, mot kontorlandskapet.

From the atrium, open plan offices.

 
Betongpyramidene på taket og hovedtrapp under bygging.

Betongpyramidene på taket og hovedtrapp under bygging.

Concrete skylights and main stair during construction.

Auditorium.

Auditorium.

Auditorium.

 
«Brageprisen», skisse fra auditoriet. Sverre Fehn.

«Brageprisen», skisse fra auditoriet. Sverre Fehn.

«The Brage Prize», sketch from the auditorium. Sverre Fehn.

Plan 1. etasje, gateplan. Sehesteds plass til venstre, Universitetsgata til høyre.

Plan 1. etasje, gateplan. Sehesteds plass til venstre, Universitetsgata til høyre.

Plan 1. etasje, gateplan. Sehesteds plass til venstre, Universitetsgata til høyre.

Situasjonsplan, takplan med overlyspyramidene. Hovedinngang fra Sehesteds plass i sør.

Situasjonsplan, takplan med overlyspyramidene. Hovedinngang fra Sehesteds plass i sør.

Location plan, roof plan with skylights. Main entrance from the south.

Kortsnitt.

Kortsnitt.

Short section.

Produksjonstegninger for betongpyramidene i taket. Her vises tegninger av to av tre varianter.

Produksjonstegninger for betongpyramidene i taket. Her vises tegninger av to av tre varianter.

Production drawings for the concrete skylights, two variations.

Arkitektens beskrivelse

Fram mot enden av det førre hundreåret ekspanderte aktiviteten i Gyldendal, og bygningsmassen fylte til slutt heile kvartalet mellom Universitetsgata og Sehesteds plass. Den innvendige strukturen var lite rasjonell, men kunne bygningane utviklast til å hyse ei framtidsretta forlagsverksemd?

På seinhausten i 1995 leverte Sverre Fehn eit skisseprosjekt basert på å nytte dei gamle bygningane. Det viste korleis ein kunne strukturere dei gamle bygningane rundt eit sentralt indre rom, men samstundes synleggjorde utgreiinga i denne fasen at det ville vere mykje å vinne på å bygge nytt.

Rundt tusenårsskiftet var Gyldendal ASA modne for å gå vidare med prosjektet. Hovudtrekka låg fast: Nybygging inne i kvartalet bak dei gamle fasadane. Eit stort gardsrom som omkransa Danskehuset. Inngang og sentralrom lagt i plan med Sehesteds plass, med gjennomgang til Universitetsgata.

Kulturbygget

Hovudinngangen er lagt til den opphavlege portromsopninga i Sehesteds gate 4. Den legendariske og myteomspunne «kopardøra» er flytta frå Universitetsgata, restaurert og sett inn i ei glasskive i portromsopninga.

Inngangsplanet er lagt i nivå med plassen utanfor, og eit gjennomgåande rom går frå Sehesteds plass ut mot Universitetsgata. Hovudplanet er forma som eit urbant rom, bore fram av ein klar struktur av runde søyler, med romsleg takhøgd og med skulpturale former som trer fram innover i det store rommet. Den bogeforma betongveggen femner om «teateret», eit nedsenka amfi med vel hundre sitjeplassar og eit omkransande galleri. Hovudmaterialane er lys betong, eik og mørke tekstilar. I himlingen ligg bogeforma eikefi­nerte plater.

Sentralt står hovudkommunikasjonsåra: trapp- og heiskonstruksjonen som ankrar fast kontoretasjane til inngangsplanet. Støttefunksjonar som resepsjon og driftsavdeling ligg i diskré beredskap like ved, med treverk av oljebehandla nordstatseik i resepsjonsdisk og posthyller.

Det innvendige urbane rommet har møterom, seminarrom og forfattarrom liggjande i randsona, og store glasfelt mot uteplassen. Området er raust dimensjonert og innbyr til formelle og uformelle møte. Her kan gyldendølane få avveksling frå arbeidsplassen sin, invitere gjester, kundar, forfattarar og andre inn til kulturelle arrangement, fagleg samkvem, festar, eller ein kan mingle, slappe av, ta «time out», i kontortida like vel som etter. Det store rommet er det berande i Gyldendalhuset. Rundt på alle sider ligg opne galleri frå kontorareala ut mot det store rommet.

Takkonstruksjonen er forma av 18 pyramidar med overlys i varierande storleik og skiftande retningar, i ein ribbekonstruksjon av lys betong. Geometrien er definert som ein skråskoren pyramide med eit sirkulært hol projisert loddrett ned gjennom skråflata. Dei ulike retningane hentar lyset ulikt inn i bygget etter skiftingane i døgnet og årstidene.

Romsekvensane i bygget legg opp til at ein skal kunne organisere einingar som er skreddarsydde for forlaga sine noverande krav, og at det skal vere mogleg å endre planløysingane i tråd med endringar i organisasjonen. Bygget er soleis utforma også med tanke for at det skal kunne nyttast ut over Gyldendal si levetid, med den arkitektoniske kvaliteten intakt.

Konstruksjonen

Hovudkonstruksjonen i Gyldendalhuset er av plasstøypt betong. Runde søyler av eksponert lys betong dannar ein gjennomgåande struktur gjennom heile bygget og ber dekkekonstruksjonen. Over søylerekkjene ligg betongdragarar. Inntil desse dragarane ligg tekniske installasjonar og spreier seg ut mot sidene.

Dekkekonstruksjonen er av lys eksponert betong med overliggjande oppfôra golv. Betongdekka skrår opp mot dei gamle fasadane, glasbyggesteinsveggen, og ut mot atriet og lysgardane. På den måten strekkjer dekka seg ut mot lyset, og den lyse betongflata speglar dagslyset innover i lokalet. Ved å løfte dekka ut mot fasadane får ein tak i vindauga i varierande høgder mot Sehesteds plass og Universitetsgata. Slik kan nybygget ha gjennomgåande etasjeplan, sjølv om vindauga sit ulikt i dei gamle bygningane.

Inge Hareide, Arkitekt Sverre Fehn AS

English Summary

Gyldendal Publishers, Headquarters, Oslo
Architect: Sverre Fehn

Gyldendal publishers grew out of their old premises in the centre of Oslo, but wished to remain in the same location. Initial feasibility studies confirmed that there was much to be gained from demolishing the existing buildings and make way for a new structure on the site, behind the old facades. Sverre Fehn’s proposal is organised around a large central space, penetrating all floors – a new covered urban scale room containing the so-called «Danish House», the façade an existing replica of one of the 18th century homesteads of the mother company in Copenhagen. Offices and meeting rooms rise along the circulation galleries on all sides of this space, towards a roof consisting of 18 concrete pyramids, which modulate the natural light. The new inserted post-and-beam structure is in in-situ cast concrete, with raised service floors. Bevelled slab edges reach the differing window heights and spread the incoming light from the street facades. The main materials in the interior are light concrete, oak and dark textiles.

Gyldendalhuset, Oslo
Publisert på nett 03. november 2016. Opprinnelig publisert i Arkitektur N nr. 4 – 2008. For å få full tilgang på alt innhold i Arkitektur N kan du kjøpe eller abonnere på papirutgaven.