Det tilrettelagde bylivet
  • Tittel: Det nye byliv
  • Forfatter: Jan Gehl
  • Utgivelsesår: 2006
  • Forlag: Arkitektens Forlag, København
  • Antall sider: 170

Det Nye Byliv er ei pen bok. Pene forteljingar med pene statistikkar, supplert med bilete av glade menneske. Slik er det i København, i alle fall om ein skal tru Jan Gehl et al., som har gjort studiar av ulike byrom i den danske hovudstaden. I boka er desse studiane satt i samanheng med ei forteljing om det moderne bylivet si utvikling. Men ser ein nærare på temaet, er dette å gjere bylivsdiskusjonen urett. Det er nemleg litt for pent, litt for hyggeleg og altfor uproblematisk.

I Det Nye Byliv kjem det tydeleg fram at design og utforming av byrommet er viktig. Dette, seier Gehl, er av di vi i løpet av dei siste tiåra har opplevd ei dramatisk samfunnsendring i vår del av verda. Folk har ikkje lenger eit yrkesmessig, praktisk forhold til byrommet. Konsumerismen har for alvor tatt over. Det drikkast kaffe latte, shoppast accessoirar, minglast, sosialiserast og nytast. Det nye byliv handlar med andre ord om rekreasjon og fritid. Til ein viss grad har Gehl rett i dette, byromma er mange stader tekne over av konsuminteressane og gjort ufarlege og blitt vakre. Handelsstanden tener gode pengar på brustein, godt lys og pene benkar. 

Gehl et al. har gjort ei studie av ulike byrom i København vurdert ut ifrå 12 kvalitetskriterium «der er udviklet og afprøvet ved Center for Byrumsforskning igennem en længere årrekke». Dei 12 kriteria er inndelte i tre hovudkategoriar: 1. Beskyttelse. «Nødvendigheden af at være beskyttet mod ulykker, utrygghed og ubehag»; 2. Komfort. «Man skal kunne oppholde sig og udfolde sig i byrummet og anvende det både til passiv og aktiv rekreation»; 3. Herlighed. «…handler om at udnytte de kvaliteter, attraktioner og særlige tilbud, som findes i og omkring byrummene».

Og konklusjonen er lagt fram som eit statistisk faktum: «De byrum, der har flest kvalitetskrav opfylt, er de mest besøgte steder i byen.» Til ein viss grad skjer nok dette. Med vakre byrom med godt tilpassa sitjemoglegheiter, skjermande grøntstrukturar og god belysning vil nok fleire tykkja det er kjekt å ta seg ein pause, stoppa opp for å eta isen sin, kanskje ta opp matpakka eller trilla barnevogna. Det Nye Byliv fløymer over av eksempel på «mennesker der går, mennesker der sidder, mennesker der står, mennesker der ligger» og ikkje minst «mennesker der leger».

Men er det nødvendigvis berre eit gode med denne typen designa byrom? Problemet kan fort bli at dei offentlege romma byrjar sjå særs like ut. I Noreg følgjer vi ein mal for slikt, og det er grunnen til at det er uråd å sjå skilnad på Stryn i Sogn og Fjordane og Heimdal i Sør-Trøndelag. Tettstadane rundt i landet ynskjer identitetsskaping og særtrekk, samstundes som dei vil designe seg trygge, og til sist vert prikk like. 

I fokuset på struktur og planlegging gløymer ein å utfordre. Gehl viser til at ein ofte nyttar kunst som spenningselement i byrom – men kva med spenninga som ligg i å skapa sjølve rommet annleis? Gehl ser ut til å meina at om byar opplevast som «imødekommende og trygge» so er det eit grunnlag for positive tankar, prosessar, handlingar og gjeremål: «Jo flere gode offentlige rum, byen har stillet til rådighed, jo flere ideer synes borgerne at få med hensyn til, hvordan de kan bruges». Stemmer dette? Lat oss gripa eit nærliggjande døme frå boka. Sankt Hans Torv på Nørrebro oppfyller nærast alle 12 av Gehl et al. sine kvalitetskriterium. «Her er det med enkle arkitektoniske midler dannet et smukt og verdig torv, der tiltrækker besøgende ikke bare fra lokalområdet, men fra hele byen. (…) Man har skabt en opholdsplads i et rum (..) Det er et meget attraktivt byrum». På eit vis er det då eit paradoks at det nettopp er her at ungdommen i København no har gjort opprør. Dei ynskjer å bevare ungdomshuset sitt og få lov å bestemma over sin eigen fritid. Det hjelper dei lite om dette byrommet er pent. Den konforme utforminga av byromma, som skal betre fritidsopplevingane Gehl viser til, passer altso ikkje i hop med det ungdommen på Nørrebro er ute etter. 

Kva med ungdomsopprøret i Paris? Hadde det vorte mindre opptøyar dersom dei hadde rom utanfor blokkene sine som var tilrettelagt etter dei 12 kvalitetskriteria? Truleg ikkje. Byromma i seg sjølv skapar ikkje nødvendigvis gode samfunn. 

Det Nye Byliv handlar med andre ord om tilrettelegging. Om å skapa eit sikkerheitsnett som er fleksibelt nok til å famna om mangfalden samstundes som det kjem alle i samfunnet til gode. Ei slik tilrettelegging er sjølvsagt vel og bra, men tilrettelegging av byrom inneber også som oftast kontroll. Det Nye Byliv spør aldri om ein har behov for ei slik strukturering av samfunnet, og om dette er den einaste vegen å gå. 

Det tilrettelagde bylivet
Publisert på nett 21. mars 2017. Opprinnelig publisert i Arkitektur N nr. 3 – 2007. For å få full tilgang på alt innhold i Arkitektur N kan du kjøpe eller abonnere på papirutgaven.