Arbeidshagen skal gje plass for å reparera maskiner og kjøretøy, saga opp og lagra vinterveden og gjera andre nødvendige oppgåver.

Hagar i Kautokeino

Arbeidshagane i Kautokeino speglar ulik livsform og ulike behov, og utfordrer det rådande hage-omgrepet og estetikken knytt til det. 

Kautokeino er vidde, reindrift og lang vinter. Det er ikkje kjøkkenhage, prydblomar og velstelte plenar. Slik tenkjer mange, og slik tenkte eg også, før eg kom til bygda.

Det er nærliggjande å tenkja slik. Bygda Guovdageaidnu, eller Kautokeino som den blir kalla på norsk, ligg på Finnmarksvidda, 330 meter over havet og 140 kilometer frå Altafjorden, med lange vintrar og korte somrar. I seg sjølv er dette ikkje noko godt utgangspunkt for hagebruk. I tillegg lever store deler av bygdefolket av reindrift, eller har tilknyting til reindrifta. Den samiske reindrifta i Finnmark er framleis delvis nomadisk, som betyr at dyra vandrar mellom ulike beiteområde gjennom året, med vinterbeite på vidda og sommarbeite ved kysten. Med reinsflokken flyttar også gjetarane og alle som kan, til kysten. 

“Kautokeino er delvis tømd for folk på sommaren. Hage blir ikkje så viktig under slike tilhøve.”

Kautokeino er såleis delvis tømd for folk på sommaren. Hage blir ikkje så viktig under slike tilhøve. Det var dette eg såg første gongen eg kom til Kautokeino, lite med hagar og prydplanter og lita interesse for uterommet. Etter kvart har eg funne hagane, først dei som likna mest på dei eg kjende frå lenger sør i landet, og sidan dei lokale, samiske variantane. 

Hagane i Kautokeino kan grovt delas inn i to hovudtypar: pryd- eller rekreasjonshagen og arbeids-hagen. Desse typane kan lokalt bli omtala som -”norske” og ”samiske” hagar. 

Den ”norske” hagen er pynta, den ”samiske” er ein arbeids- og lagringsplass for alle meahcce-tinga.1 Meahcci, ”utmark” på norsk, omfattar ikkje tomtene eller dei faste buplassane i bygda, men blir lokalt i Kautokeino forstått som ”det landskapet du kommer til når du forlater hjemmet og bygda”, altså det meste av arealet innanfor kommunegrensa. 2 Kautokeinohagen er eit bruksrom og ein base for ferdsel på og hausting av vidda. Store areal på vidda høyrer også med i det som er naturleg å rekna som ein del av det å bu. Meahcce-tinga signaliserer både tilknytting til reindrift og til den sterke haustings- og sjølvbergingskulturen som er levande i Kautokeino. Haustinga kan vera jakt, fangst, fiske, bærplukking eller vedhogst, og til desse syslene trengst det utstyr. Alle meahcce-tinga, som er å sjå på tuna, er såleis bruksting som trengst i det daglege arbeidet. 

Denne artikkelen diskuterer arbeidshagen. Dette fordi den skildrar det lokale levesettet så tydeleg, samstundes som den, i større grad enn prydhagen, utfordrar det rådande hage-omgrepet og estetikken knytt til det.

Flesteparten av hagane i Kautokeino kombinerer trekk frå både arbeidshagen og rekreasjonshagen, med plass til både prydvekstar og snøskuter. 
 

Flesteparten av hagane i Kautokeino kombinerer trekk frå både arbeidshagen og rekreasjonshagen, med plass til både prydvekstar og snøskuter. 

Most gardens in Kautokeino combine features of the work garden and the recreational garden, with room for ornamental plants as well as snowmobiles.

Hage i bufast jordbrukskultur og i nomadisk reindrift

Omgrepet ”hage” beskriv ei innhegning, ein ”gard” eller ein avgrensa plass for dyrking eller beiting, som til dømes blomehage eller hamnehage. Me finn ordet ”hage” eller ”gard” i ulike former i dei nordiske språka og i andre indoeuropeiske språk. Også i samisk, som tilhøyrer den finsk-ugriske språkgruppa, finn me dette ordet. Gárdi, som er i slekt med det norrøne ordet garđr, blir først og fremst brukt om kvea der ein samlar reinflokken for skiljing og merking. Denne innhegninga er gjerne lokalisert på beiteområdet i utmarka, ikkje ved bustaden. Ei liknande lokalisering har også ein annan type gárdi, fangstanlegget med rypesnarar, eller rievssagárdi. Snareanlegget er plassert i område der rypene beitar på fjellbjørka på vinteren. Rievssagárdi er eit gjerde, oftast laga av småbjørk som blir stukke ned i snøen. Inni dette gjerdet festar ein snareløkkjer. Gjerdet blir plassert slik at det skal fanga opp dei beitande fuglane. 

Gárdi blir såleis brukt både om innhegninga, rommet som blir danna av gjerdet, slik som for reinkvea, og om sjølve gjerdet, som i rievssagárdi. Ein tredje type gárdi er lokalisert på tunet og der gjerne tett inntil ein av veggene på bustadhuset. Dette er den vesle, inngjerda blome- eller nyttehagen, som på samisk blir kalla gilvvagárdi.3 Denne hagen er den einaste av desse tre typane som har blitt nytta for å dyrka vekstar. Det som blir dyrka der er gjerne rabarbra, villrips eller staudar, som reinfann eller ballblom. Gilvvagárdi har tradisjonelt høyrt til småbruket og den faste bustaden, og har utgjort ein liten del av uteområdet rundt bustaden. 

Dei ulike hagane ligg i ulik avstand frå bustaden. Ansvaret for dei er også ulikt fordelt. Medan blome- og nyttehagen først og fremst har vore kvinnene sitt ansvar, er reinkvea og rype-snarane i større grad menn sitt domene.

I norsk daglegtale blir ”hage” gjerne brukt om heile bustadtomta.4 I tillegg til blomehage og grønsakåker kan dette vera plen, opphaldsområde, stiar og leikeplassar. Ofte er det den representative hagen med prydvekstar, vakre hekkar og murar som blir trekt fram i diskusjonen om hagar. Å bruka omgrepet ”hage” i samband med uterommet rundt bustaden i Kautokeino, bryt såleis med mange sine førestellingar om hage. Lokalt vil mange, med den representative prydhagen frå fagtidsskrift og media som referanse, tveka med å kalla sin eigen uteplass for ”hage”. Å studera hagen i Kautokeino ut frå estetikk eller planteutval kan gje lite meining. Den vernakulære tradisjonen med si vektlegging av struktur og lokal tilpassing er ein betre inngang.

Arbeidshagen skal gje plass for å reparera maskiner og kjøretøy, saga opp og lagra vinterveden og gjera andre nødvendige oppgåver.
 

Arbeidshagen skal gje plass for å reparera maskiner og kjøretøy, saga opp og lagra vinterveden og gjera andre nødvendige oppgåver.

The work garden provides space for repairing machines and vehicles, cutting and storing wood for winter and other necessary activities. 

Hagetypar i Kautokeino

Hagane i Kautokeino speglar ulik livsform og ulike behov, dei er folkelege eller vernakulære hagetypar. I det ligg mellom anna det at dei er utforma lokalt av eigarane eller brukarane, ikkje av fagfolk. Dei er organiserte ut frå aktuell bruk og behov, og det er brukt lokalt tilgjengelege material for å laga desse hagane.5 Den tradisjonelle hagen kan difor lesast som ein base for produksjon og tilverking av ressursane frå vidda, medan den nyare typen hage i sterkare grad legg vekt på rekreasjon og vakker utforming. Dei to typane, som eg her kallar arbeidshage og rekreasjonshage,6 fortel om to viktige trekk i bruken av og haldningar til bustaden og haustingslandskapet. Samstundes formidlar dei viktige sider av Kautokeino si historie og livsgrunnlag. Flesteparten av hagane er variantar som kombinerer trekk frå begge hovudtypane. 

Uterommet i arbeidshagen gjev rom for mange og ulike arbeidsoppgåver, for produksjon av mat og for stell av reiskap og utstyr. I tillegg er lager- og opphaldsplass for reiskap, kjøretøy, utstyr og dyr viktig. På tunet er det gjerne sett opp fleire uthus og garasje, og det er rydda plass for eit stort parkeringsareal. Enkelte av arbeidshagane er først og fremst dét, ein plass for arbeid og produksjon, medan andre kan ha innslag av eit eller fleire små prydbed eller eit mindre område for rekreasjon, gjerne ein veranda eller ein opphaldsplass ute. 

Rekreasjonshagen er motsetninga til arbeidshagen. Dette uterommet er dels forma av rådande ideal i tida, dels av normer og standardar i den offentlege bustadplanlegginga i Noreg. Rekreasjonshagane er velordna, ryddige og har i mindre grad plass til nyttesysler enn det arbeidshagen har. Viktige trekk i rekreasjonshagen er plen, prydblomar eller -buskar og ein stor opphaldsplass ute, gjerne i form av ein terrasse eller veranda. Det er ofte unge folk med svakare tilknyting til hausting og sjølvberging som har slike hagar. Dette er uterom der det blir lagt større vekt på estetisk utforming og på å skapa plass for opphald og rekreasjon, enn på arbeid og produksjon av mat. Denne hagetypen er i mindretal, men det er ein type det stadig blir fleire av.

Det er eit poeng å koma til og frå bustaden direkte ut på vidda, utan å måtta kjøra over nabotomter.
 

Det er eit poeng å koma til og frå bustaden direkte ut på vidda, utan å måtta kjøra over nabotomter.

It is ­important to be able to access the plateau directly from your home, without having to cross your neighbour’s property.

På veg inn til arbeidshagen

Arbeidshagen er, som namnet seier, ein plass for å arbeida utanomhus. Dei mange og ulike arbeidsoppgåvene som går føre seg på tunet blir ikkje gøymde bort, heller ikkje frå inngangspartiet. Inngangen til hagen og møtet med bustaden er forma først og fremst ut frå praktiske omsyn med ein brei bilveg fram til huset og romsleg med parkeringsplass. Det er viktig å kunna kjøra nært inntil inngangsdøra, gjerne også rundt huset. Å unngå rygging med bil, og ikkje minst, rygging med snøskuter, er eit viktig poeng ved planlegginga av tomta. Folk skal kunna nå fram med kjøretøya både på sommar- og vinterføre for å lossa og lasta utstyr og reiskap eller anna ein treng frå hus og lagerbuer. Det er vidare eit poeng å koma til og frå bustaden direkte ut på vidda, utan å måtta kjøra over nabotomter. Grensar tomta mot eit naturområde, er to vegsamband praktisk, ein bilveg fram til garasjen og skuterløype over friområdet. 

“Dei mange og ulike arbeidsoppgåvene som går føre seg på tunet blir ikkje gøymde bort.”

Arbeidshagen skal gje plass for arbeid og lagring av utstyr og reiskapar. Ei god arbeidsflate er viktig for å kunna reparera maskinar og kjøretøy, saga opp og lagra vinterveden og gjera andre nødvendige oppgåver. 

Å arbeida utan reiskapar og utstyr er uråd, anten dette arbeidet skjer ved bustaden eller i utmarka. Alle meahcce-tinga må lagrast ein stad. Bustadhusa gjev ikkje plass til alt dette. Det er heller ikkje praktisk å lagra vinterklede og skinn inne. Til det er huset for tett. Skuterdressar, sko med oljesøl og alt turutstyr og reiskapar bør ikkje plasseras innomhus. Stabburet i Kautokeino er svaret på dette lagringsbehovet. Det tradisjonelle samiske stabburet er lite, frå 6-8 kvadratmeter og opp til det dobbelte i grunnflate. Folk startar med eitt stabbur, og byggjer fleire ettersom behovet for lagerplass aukar. I motsetnad til bustadhuset har det tradisjonelle stabburet blitt ståande som mønster også for uthus som blir bygde i dag. Materialbruken er noko endra, men storleiken er mykje godt som før, og tradisjonen med mange små, heller enn eitt stort stabbur syntes å halda seg. Tradisjonen har her fått hjelp av lovverket som gjev rom for enklare sakshandsaming for uthus under ein viss storleik.

Uthus er nødvendig, og det er det første bygget som blir sett opp etter bustadhuset. På enkelte tun kan me i tillegg finna uthus som ikkje høyrer til eigarane. Det kan vera utflytta born, ungdom som går på skule andre stader eller familiemedlemmer som ikkje har plass til lager eller uthus ved sitt eige husvære, som plasserer lageret sitt midlertidig på heimetunet. Stundom kan det vera eit eige uthus, andre gonger kan dei låna plass hos foreldra. At buplassen rommar meir enn eigne stabbur, er ikkje noko nytt. Stabburet var den første, faste bygningen til reindriftssamane, slik det har vore i mange andre nomadekulturar.7 Så lenge reindriftssamane ikkje hadde faste bustader eller tomter i bygda, plasserte dei stabbura sine med vinterutstyr, såkalla verddestabbur, hos fastbuande slektningar eller venner. 8 

Stabbur eller uthus er ein kjend og sjølvsagd lagringsplass for alt som kan koma til nytte. Ein annan kjend lagringsplass i samisk tradisjon er luovvi, eit stillas bygt i lette trekonstruksjonar. Stillaset gjev lagringsplass over bakken, slik at ein unngår væte, snø og til ein viss grad skadedyr. Luovvien er mindre vanleg å sjå i dag, men framleis er han å finna i enkelte hagar, det same gjeld garnhjell, eit stativ for å tørka og greia garn og nøter. Lagring skjer også utandørs. Det er ikkje uvanleg å sjå sledar, kjøretøy som snøskuter og fire- og sekshjulingar, syklar, bilar og i enkelte tilfelle båtar bli lagra ute. 9

“Hausting og aktiv bruk av vidda er eit uttrykk for at sjølvbergingshushaldet er levande i Kautokeino.”

Hausting og aktiv bruk av vidda er eit uttrykk for at sjølvbergingshushaldet er levande i Kautokeino. Det viser seg igjen på tunet i dei små tørkebura for kjøt, i røykjelavvoane og i veden som står oppreist til tørking. Den mest utbreidde av desse tre byggverka er tørkeburet, som finst mest på alle tun. Tradisjonelt har dette vore utforma som ein luftig kasse, dekt med netting og plassert på mønet på uthuset eller på veggen til bustadhuset. Inne i kassen blir det salta reinkjøtet hengt opp, høgt plassert for å hindra dyr eller fuglar å forsyna seg. På tun der produksjonen er ekstra stor, kan eitt av stabbura ha blitt bygt som ei luftig tørkebu. Ein enklare type innretning er holga – ein laus, lett bjelke som blir hengd opp under taket på verandaene. Der blir kjøtet hengt opp og dekt av garn eller anna netting. 

Hogging av vinterved syter dei fleste for sjølve. Etter nærare reglar kan alle ta ut ved frå Finnmarkseiendommen (FeFo).10 Vinterveden er synleg i hagane, som vedla eller vedreis, muorraguhpa på tunet. Heile vedstrangar blir stilte opp i lavvoform. Veden tek lite plass, er lett å handtera sjølv etter at snøen legg seg og ”ser ryddig ut,” som mange lokalt uttrykkjer det.

Reindrifta er synleg ved bustaden. Skinn hengjar til tørk på nettinggjerdet rundt beitehagen. 
 

Reindrifta er synleg ved bustaden. Skinn hengjar til tørk på nettinggjerdet rundt beitehagen. 

Reindeer herding leaves its mark on the property. Reindeer hides hang to dry on the wire fences around the garden.

Reindrift i hagen

Tomtene til reindriftsfamiliane er ulike variantar av arbeidshagar. I ein del tilfelle er desse store og lokalisert i gruppe med tilsvarande hagar. Dei kan gjerne kallast ”tun”. Som alle arbeidshagane, ber også desse preg av tette band til utmarka og ressursane der. Det som skil desse hagane frå andre arbeidshagar i Kautokeino, er sjølvsagt den sentrale plassen reinen har. Drifta er synleg til stades ved bustaden i bygda på to måtar: ved at reinsdyr oppheld seg der, eller ved at produkt frå slaktedyra blir tekne hand om og tilverka ved bustaden. Kautokeino er vinterbeiteområde, og beitelandet er på vidda. Når enkeltdyr eller små flokkar med reinsdyr er å sjå ved bustaden, er dei der av to årsaker. Det kan vera svake kalvar som treng ekstra fôring i utsette periodar, eller det er trekkdyr som blir trena og brukt i bygda om vinteren. I dag blir kjørereinen brukt til frakting av turistar innover vidda, eller til kappløp. Oppaling av reinkalvar og trening av kjørerein gjer det nødvendig å ha desse dyra i nærleiken av bustaden. Dette krev igjen kveer, fôringsplassar og beitehagar. 

Fôringa av rein i beitehagen heime har trekk som gjer det naturleg å samanlikna med småbruket og husdyrhaldet der. Eit slikt trekk er bygging av eigne fôringshus og reingammer, ein slags enkle sommarfjøs for reinen.11 Tanken er at kjørereinane kan trekkja inn for å finna ly, først og fremst mot myggplaga, men også mot dårleg ver. 

Beitehagen, som held reinen samla i tider då dyra treng ekstra fôring eller pass, er oftast lokalisert nært tunet, på ein plass det er lett å ha oversikt over frå huset. Slik kan dei som arbeider inne i husa, følgja med og sjå til at det ikkje kjem laushundar eller andre uvelkomne gjester inn i beitehagen. Beitehagane har mange fellestrekk med mellombels kveer på vidda. Dei er lette å endra og flytta etter som behovet endrar seg. 

Reindrifta er synleg ved bustaden ikkje berre gjennom levande dyr, men også gjennom arbeid med produkta frå slaktedyra. Dette arbeidet følgjer dei sesongvise endringane i drifta. Dei mest aktive periodane er i samband med flytting på våren og hausten og under slakteperiodane. Etter jul og framover mot vårvinteren fyllest bustadområda opp med råvarer frå slaktinga. Skinnet skal tørkast for bruk til underlag i lavvoen på fjellturar. Skinna blir spila ut og stifta fast på uthus- og garasjevegger for å hengja der til tørk. Rekk ikkje uthusveggene til, kan nettinggjerdet rundt beitehagen gjera same nytten. Kjøtet frå slaktedyra blir røykt og tørka, og dette skjer ved bustaden. Røykjelavvo og dei mange og ulike innretningane for tørking av reinkjøt pregar bustadområda på denne årstida. Ei kort stund på vårvinteren blir bustadområda fylte opp med ei overdådig mengd med mat som meir enn noko fortel om at bygda ligg midt i eit stort reinbeiteområde. 

Arbeidet i reindrifta skifter med årstidene, arbeidet heime ved bustaden følgjer dei same årstidsvariasjonane. Skinna på veggene og kjøtet i nettingkassane blir tekne ned når dei er tørre og utetemperaturen stig. På sommaren er det ingen skinn å sjå på veggene, ikkje kjøt i tørkekassane, skuteren står tildekt og terrengkjøretøy er i bruk på sommarbeitet ved kysten. Utpå hausten blir igjen tunet til ein driftsplass, men no med andre oppgåver enn dei som gjekk føre seg tidlegare på året.

Vinterveden er synleg i hagane, som vedla eller vedreis på tunet. 
 

Vinterveden er synleg i hagane, som vedla eller vedreis på tunet. 

The stacks of wood for winter are displayed in the garden.

Det vakre og det nyttige

Mange av hagane i Kautokeino bryt sterkt med førestellingane om korleis ein hage skal sjå ut. Desse førestellingane er skapte og formidla gjennom reiser, litteratur og media og hentar ofte eksempel frå store, velutstyrte hageanlegg som nærmast er å likna på parkar. Presentasjonar av hagar frå Nord-Noreg har også hatt ein tendens til å konsentrera seg om ”øvrigheta” sine hageanlegg, hagar der eigarane har hatt ressursar til å henta plantemateriale, kunnskap og inspirasjon utanfrå. Folk flest sine hagar har det vore mindre interesse for. Med dette som bakgrunn er det nærliggjande for mange å stilla spørsmål om kva som eigentleg kan reknast som ”hage”. Lokalt i Kautokeino er reaksjonen den at hage, det er først og fremst den velstelte ”norske” hagen. Enkelte kan strekkja seg så langt som å seia at det vesle staudebedet ved husveggen, gjerne med gjerde rundt, eller potetåkeren i ei lun bakkehelling, kan kallast ”hage”. -Resten av uteplassen rundt husa er tomt eller šillju, tun.

Hagebruk er økonomi og estetikk, det er dyrking av mat og dyrking av det vakre. Denne tankegangen skriv seg frå opplysningstida, seier Magne Bruun: ”Idealet var det velordnete jordbruksland som både var produktivt og rasjonelt, men også estetisk tiltalende.”12 Hagen er ofte ein miniatyr av dette kulturlandskapet. Idealet har vorte utfordra gjennom historia, med periodar der nyttetenkinga rådde grunnen sterkare. I dag har igjen kravet til estetisk utforming av uterommet vunne fram i Noreg, slik det mellom anna kjem til uttrykk i plan- og bygningslova.

Diskusjonen om estetikk er ein diskusjon som ikkje kan lausrivast frå den rådande kulturen denne diskusjonen blir førd i. Ein nomadisk reindriftskultur vil nødvendigvis sjå landskapet og vurdera kva som er vakkert der, på ein annan måte enn bonden på flatbygda. I Kautokeino, med sine sterke reindriftstradisjonar, er det naturleg å ta utgangspunkt i nomaden og utmarksbrukaren sin estetikk. Kva er vakkert i ein kultur som stendig er på flyttefot? Kva blir pynta og dekorert, kor legg ein krefter ned for å skapa det fint rundt seg? Og kva ser praktikaren, småbrukaren og dei som haustar av utmarka på som vakkert? Slik det ordna, produktive jordbrukslandet blir opplevd som estetisk tiltalande for folk i jordbrukskulturar, vil ein bølgjande reinflokk på den tilsynelatande karrige og ukultiverte vidda vera like vakkert for reindriftssamen. Og den luftige leirplassen, fri for mygg og med vidt utsyn over beitelandet, er vakker – utan andre vekstar enn dei som veks vilt. Nomaden har tradisjonelt bore det vakre med seg, og lagt ressursar i å pynta sleden og seletøyet, dekorera vandringsstaven og utsmykka klede og anna utstyr som kan fraktast med frå plass til plass. 

Arbeidshagane er dei som bryt mest med det rådande idealet om god bustandard. Sentrale styresmakter med ansvar for arealplanlegging, har gjennom åra gjeve velmeinte råd om korleis laga gode uteområde og hagar. I ei oppsummering av Husbanken si verksemd gjennom femti år diskuterer sjefsarkitekt Jørgensen det vanskelege omgrepet ”god bustadstandard”. Han slår fast at omgrepet ”god” femner vidt og kan forståast på mange ulike måtar. Visse trekk kan me likevel einast om, skriv han. Eit slikt trekk er eit utemiljø som er ”trivelig og legger forholdene til rette for fellesskap”.13 Kautokeinohagane er trivelege, og, ikkje minst legg dei til rette for fellesskap. Dei er trivelege fordi dei representerer noko kjent for folk, dei gjev plass til det som er viktig: arbeid og foredling av utmarksressursar. Og dei gjev rom for fellesskap gjennom dette arbeidet. Det er likevel ikkje slike hagar som blir synte fram som gode eksempel i Husbanken sine rettleiarar.

Etter jul fyllest bustadområda opp med råvarer frå slaktinga. Kjøtet frå slaktedyra blir røykt og tørka ved ­bustaden.

Etter jul fyllest bustadområda opp med råvarer frå slaktinga. Kjøtet frå slaktedyra blir røykt og tørka ved ­bustaden.

After Christmas, the property is filled with butchered livestock. The meat from the animals is smoked and dried.

Å unngå rygging med bil og snøskuter er eit viktig poeng ved planlegginga av tomta.

Å unngå rygging med bil og snøskuter er eit viktig poeng ved planlegginga av tomta.

Avoiding backing out with a car or snowmobile is important when planning the layout of the property.

Noter
  1. Meahcce-ting, omgrep sett saman av det samiske meahcci- og det norske ordet ting. Ved samanstilling av desse to orda blir i-endinga endra til -e. Eg har vald å bruka denne skrivemåten, då den er i tråd med den lokale uttalinga. Vidare har eg vald å setja ein bindestrek mellom dei to orda meahcci og ting, for slik å gjera ordet lettare å lesa for den som ikkje kjenner samisk. Omgrepet meahcce-ting er vanleg i daglegtalen i Kautokeino.
  2. Schanche 2002, s 163.
  3. Takk til Nils Øyvind Helander for råd og rettleiing i diskusjonen om samiske omgrep.
  4. Eggen 1999, s. 29–30.
  5. Dixon Hunt & Wolschke-Bulmahn 1993, s. 4, Roberts 1996, s. 177.
  6. Dette er spørsmål eg har drøfta i tidlegare forskingsarbeid om bustaden i Kautokeino, sjå mellom anna Skålnes 2003.
  7. Fair 1997, s. 167–177.
  8. Verdde, gjestevenn, den ein bruker å ta inn hos når ein vitjar ein stad, og den som bruker å ta inn hos ein sjølv, ein person som ein elles på ein eller annan måte er særleg knytt til. Sjå Nesheim og Nielsen 1979, vol III s. 752. Verddestabbur, eit omgrep som for stabbura som reindriftssamane lokaliserte hos fastbuande slektningar eller venner. I desse stabbura lagra dei vinterklede, utstyr og reiskap dei ikkje trong ta med seg til kysten.
  9. Firehjuling, terrengmotorsykkel med fire kraftige hjul (det finst også ein variant med seks hjul). Desse syklane er mykje brukt av reindriftsutøverane til gjeting sommarstid og utover hausten til snøen legg seg. Også ”fastbuande” (folk som ikkje driv reindrift) med interesse for utmarksliv brukar denne sykkelen til fiske-, jakt- og bærturar på vidda. Kautokeino kommune har godkjent løypenett for ferdsel med traktor og terrengmotorsykkel på vidda, tilsvarande det som finst for skuterferdsel vinterstid.
  10. Det aller meste av grunnen i Kautokeino er forvalta av Finnmarkseiendommen (FeFo), på vegne av folkesetnaden i Finnmark. Styret for FeFo er sett saman av seks representantar, vald av Finnmark fylkeskommune og Sametinget. Sjå www.FeFo.no. Fem til seks prosent av det samla arealet i Kautokeino kommune er i privat eige. Det store innslaget av felles grunn gjer tilgangen til dette arealet lett for alle i bygda, anten det er for å jakta, fiska, sanke bær eller ferdast ute. Folk flest opplever det også som ein sjølvsagd rett at alle skal kunna bruka og hausta av utmarka og vidda.
  11. Reingamme, gamme eller teltliknande bygningar. Tradisjonelt var gammen bygd med ulike berekonstruksjon av naturvakse tre, og tekt med never og torv. Gammane i dag er ofte bygde av lafta tømmer eller i enkelt bindingsverk. Reingammen skal tena som ly for kjørereinane som i lange tider av året oppheld seg ved bustaden. Reingammen er gjerne mest i bruk på sommaren då dyra treng vern mot mygg, knott og andre insekt som er plagsame for både folk og fe.
  12. Bruun 1999, s. 9.
  13. Jørgensen og Martens 1996, s. 4.
English Summary
Gardens of Kautokeino

Article by Sunniva Skålnes

Kautokeino, in Norway’s northernmost county Finnmark, is all about mountain plateaus, reindeer herding and long winters. You will not find kitchen gardens, ornamental flowers or neatly mowed lawns here. That is the common conception, and it used to be mine as well, before I came to the village, writes Skålnes.

In fact, there are two kinds of gardens in Kautokeino: the decorative recreational garden, similar to the gardens of southern Norway, and the work garden, which houses all the meahcce objects. Meahcce means “utmark”, a Norwegian concept denoting all natural land that is not used for agricultural, industrial or residential purposes. Meahcce objects are items and equipment used in reindeer herding, foraging, hunting, fishing and other means of self-preservation. These gardens serve a different purpose and challenge the prevailing garden terminology and aesthetics. 

Many gardens in Kautokeino combine features of the recreational garden and the work garden. Some mainly serve as parking spaces for snowmobiles and cars, some also contain areas for growing rhubarb, redcurrant or globeflower and tansy. Many of them contain sheds and garages and enclosures for holding animals. It is necessary to be able to easily access the house and other buildings by car. 

Sunniva Skålnes is an architect with a PhD from NTNU. She is head of the Department of cultural heritage, area and -environment at Sametinget.

Hagar i Kautokeino
Sunniva Skålnes
Sunniva Skålnes er utdanna arkitekt med doktergrad frå NTNU. Ho arbeider i dag som avdelingsdirektør i Sametinget, avdeling for kulturminnevern, areal og…les mer
Hagar i Kautokeino
Publisert på nett 25. februar 2020. Opprinnelig publisert i Arkitektur N nr. 7 – 2017. For å få full tilgang på alt innhold i Arkitektur N kan du kjøpe eller abonnere på papirutgaven.